UndervisningsfagFrå hausten 2021 har vi gleda av å kunne tilby undervisning i Laptop (Elektronisk musikk, programmering og produksjon) og Låtskriving (Å lage tekster og melodiar, og spele inn enkle demoar). Det blir spannande! Kulturskulen kan tilby mange og populære fag og gode lærarar med mykje kompetanse! Åmli kulturskule tilbyr undervisning i følgjande fag: Dans Kunstfag Piano Fiolin/Hardingfele Gitar Trommer Bass Ukulele Laptop (Elektronisk musikk, programmering og produksjon) Låtskriving (Lage melodier og tekster, og spele inn enkle demoar) Samspel/Band Kulturkarusell: Tilbod i SFO-tida, der elever på 1.- 4. trinn kan få prøve seg litt på musikk, dans og kanskje også kunst, gjennom året. Av erfaring har vi sett at einskilde instrument krev meir koordinasjon enn andre, vi har derfor satt nokre aldersgrenser som ein liten peikepinn i høve til kva som kan passe. Oversikt over passande alder ved oppstart: Piano - 1. klasse Ukulele- 1. klasse Gitar og bass - 3. klasse Trommer - 3. klasse Kunst – Grupper etter alder frå 1.-10. klasse Dans - Grupper etter alder frå 1.-10. klasse Låtskriving - Mellomtrinn/ungdomsskule Laptop/ elektronisk musikk - 7. klasse/ungdomsskule Samspel/ Band - Mellomtrinn/ ungdomsskule Kulturkarusell – 1. klasse For Laptop og Låtskriving gjeld også dette: Låtskriving: Det er ein fordel om ein behersker eit akkordinstrument (piano/gitar), eller har lyst til å lære. Laptop: Det er ein stor fordel om ein har noko erfaring med bruk av PC/I-pad og liknande, eller har lyst til å lære. Vi vil ha tilbod om noko utstyr, men i begrensa omfang ved oppstart. Om ein disponerer I-pad, Pc/Mac eller liknande, er det derfor og ein fordel. Men her finn med gode løysingar saman! Søknadsfrist til hovedopptaket er 1. juni. Etter dette er det venteliste/springande opptak. Elever med plass i kulturskulen har prioritet. Søk om plass i kulturskulen Finn kontaktinformasjon til dei tilsette i kulturskulen Publisert 16.08.2018 10:31 Sist endra 14.10.2021 13:50