Søke plass

Åmli kulturskule har har i hovedsak elevar i alderen 5-18 år. Vaksne over 18 år blir tatt opp dersom det er ledige plassar, men barn blir prioritert. I utgangspunktet er det elevar busette i Åmli kommune som får tilbod. Dersom det er ledige plassar, gir vi også noko tilbod til elevar frå andre kommunar. 

Nokre tilbod og grupper er aldersbestemte. Les meir om dette under dei ulike faga.

Slik søker du

Det er løpande opptak heile året. For grupper i dans er det bindande påmelding for eit halvt år. Dersom det er fullt, vil du bli sett på venteliste, og får beskjed når det evt. blir ledig.

Søk om plass


Du får melding frå kulturskulen om du har fått plass, og tidspunkt for oppmøte i gruppene. Musikkundervisning for enkeltelevar blir avtalt direkte med lærar, som vil ta kontakt.

Kva kostar det?

Prisen for ein elevplass er 2700 kr i året, fordelt på betaling i 4 kvartal. Prisen er den same for individuell undervisning og gruppeundervisning.

Ein individuell time i musikk er på 22,5 minutt. Gruppeundervisning kan variere frå 30 minutt til 90 minutt avhengig av fag.

Det er 25% rabatt for søsken og deltaking i fleire fag.

Vi leiger ut instrument i enkelte fag. Instrumentleige er 500 kr i året. Leigetakar er ansvarleg for at instrumentet er i orden ved innlevering.

Åmli kommune tilbyr ein gratis fritidsaktivitet til barn i ulike klassetrinn frå år til år gjennom prosjektet Tidlig innsats for trygg oppvekst. Dette omfattar også kulturskulen. Skjema for gratis fritidsaktivitet blir delt ut gjennom skulen ved starten av kvart semester.

Les meir om gratis fritidsaktivitet