Det finst følgjande tilskotsordningar, med søknadsfrist 1. april:
- Aktivitets- og driftsstøtte
- Prosjektstøtte
- Investeringsstøtte
- Arrangementsstøtte
Retningsliner for tilskot til lag og organisasjonar (PDF, 2 MB)
Arbeidskrafttilskot
Åmli kommune gir arbeidkrafttilskot til dei tre idettslaga i Åmli, Dristug IL, Dølemo IL og Vardil IL, for løypekøyring og banerydding på skøytebanen. Tilskotet blir gitt etter søknad frå laga og dokumentasjon av utgifter.
Kulturpris
Åmli kommune deler ut kulturpris til organisasjonar eller enkeltpersonar som er frå eller bur i Åmli kommune, og som har gjort ein stor innsats for kulturlivet i kommunen. Kulturprisen er ein honnør til særleg verdifull innsats innanfor det utvida kulturomgreået. Prisen er på 10 000 kr, og blir delt ut annakvart år (partalsår). Formannskapet fattar vedtak om kandidat, etter innkomne forslag.
Dei som tidlegare har fått prisen er:
| År | Namn |
|---|
| 1989 | Ivar Sundstøyl |
| 1990 | Bjørg Krog Kleivene |
| 1992 | Salve Austenå |
| 1995 | Gotfred Lorentsen |
| 1998 | Olav Nereson Oland |
| 2000 | Anne Tone og Scott Aanby |
| 2002 | Eldbjørg Smeland |
| 2004 | Jon Skarli |
| 2006 | Inger Knudsen |
| 2008 | Odd Einar Ufsvatn |
| 2010 | Jorunn Kløvfjell |
| 2012 | Arild Håkedal |
| 2014 | Tore Konnestad |
| 2016 | Barbro Hillestad |
| 2018 | Jol i Åmli |
| 2020 | Jetmund Berntsen |
| 2022 | Jens Magne Føreland |
| 2024 | Liv Vik Epletveit |
| 2026 | Eivind Baas og Sveinung Seljås |