Gratis fritidsaktivitet

Over 98 000 barn i Noreg veks opp i ein hushald med låg inntekt. 47 av desse barna bur i Åmli kommune. I Åmli utgjer dette 14,4 %, samanlikna med 10 % i Noreg og 11,4 % i Aust-Agder.

I eit land som Noreg kor den generelle levestandarden er høg, er det vanleg å bruke definisjonar av fattigdom som handlar om meir enn å berre overleve, mangel på mat, klede og tak over hovudet. Det handlar også om høvet for å delta sosialt på linje med resten av samfunnet.

Barnefattigdom i Noreg blir rekna ut frå kor mange barn som veks opp i ein hushald med ei samla inntekt som er lågare enn 60 % av medianinntekta i landet. Ein slik måte å måle fattigdom på er relativ. Det er ikkje slik at det å vekse opp i ein hushald med låg inntekt er det same som å vekse opp i fattigdom. Situasjonen til kvar familie med låg inntekt vil variere og vere avhengig av kva slags bu- og leveutgifter dei har. Målet seier heller ikkje noko om korleis inntekta blir fordelt i ein hushald, men det seier noko om kor mange barn som risikerer å vekse opp i fattigdom. Låg inntekt nyttast difor som eit mål på kor mange fattige barn det fins i Noreg.

Åmli kommune har over tid hatt høge tal på familiar med låg inntekt. Dette var blant anna grunnen til at kommunen i 2015 oppretta prosjektet «Tidlig innsats - Trygg oppvekst». Målet med prosjektet var å kartlegge situasjonen i Åmli, få ein oversikt over utfordringsbiletet og sjå på moglige tiltak for å betre barn og unges levekår. Prosjektet har sidan 2015 fått midlar av Barne- Ungdoms- og Familiedirektoratet gjennom nasjonal tilskotsordning mot barnefattigdom samt skjønnsmidlar frå Fylkesmannen. Hausten 2016 blei strategiplanen «bedre levekår blant barn og unge i Åmli kommune» lagt fram og tatt til orientering i kommunestyret, som løyva 100 000 kroner til prosjektet i 2017. Det skal også satsast i 2018 då kommunestyret løyva nye 200 000 kroner til prosjektet.

Strategiplanen legg fram fleire langsiktige og kortsiktige tiltak mot barnefattigdom som prosjektgruppa planlegg, koordinerer og gjennomfører. Sjølv om tiltaka ikkje vil gje direkte utslag på statistikken, vil tiltaka kunne bidra til at fleire barn og unge får høve til å delta på fritidsaktiviteter på lik linje med resten av samfunnet der dei kan oppleve mestring og utvikle ferdigheitar i lag med andre barn.

Relevante lenker:

Regjeringa sin strategi «barn som lever i fattigdom»

Fritidserklæringen

Tilbod om ein gratis fritidsaktivitet

I 2017 starta Åmli kommune opp eit tilbod til alle bar om ein gratis fritidsaktivitet, som eit tiltak i kommunens strategiplan for betre levekår blant barn og unge. Tilbodet gjeld ulike klassetrinn frå år til år, og omfattar alle fritidstilbod i regi av lag og organisasjonar, i tillegg til kulturskulen.

Det blir kvart år delt ut skjema i klassene med oversikt over alle fritidsaktivitetar. Kommunen betalar eller refunderer påmeldingsavgift for ein fritidsaktivitet pr. barn i den aktuelle aldersgruppa.

Prosjektet blir finansiert gjennom Åmli kommune og nasjonal tilskotsodrning mot barnefattigdom.

Les meir om nasjonal tilskotsordning for barnefattigdom

 
 

Kontaktinformasjon

Lise Lotte Fogh Johansson
Kulturrådgjevar
E-post
Telefon 41 50 98 67
Mobil 41 50 98 67