Barnekoordinator

Ein barnekoordinator har som oppgåve å sikre nødvendig oppfølging og samordning av tenester rundt eit barn med store hjelpebehov som. Dette er i tråd med Helse- og omsorgstenesteloven §7-2a.

Barnekoordinatoren skal:

  • Koordinere tenestetilbodet rundt barn og unge med behov for langvarige helse- og omsorgstenester, og sikre framdrift i hjelpeprosessen.
  • Vere ein kontaktperson for familiar og tilsette.
  • Ha kjennskap til tenestene i kommunen og sikre at familiar får nødvendig informasjon og rettleiing.
  • Sørge for eit godt og heilskapleg samarbeid mellom tenestene rundt barnet.
  • Sørge for framdrift i arbeidet med individuell plan.

Korleis søkje barnekoordinator?

Ta kontakt med tenestekontoret.

Tenestekontoret vil kunne hjelpe til i forhold til søknadsskjema og vidare prosess. Åmli kommune vil ta hand om søknaden og fatte vedtak i forhold til lov om Helse- og omsorgstenesteloven § 7-2a.

Kven kan få barnekoordinator?

Familiar som har, eller ventar barn med alvorleg sjukdom, skade eller nedsett funksjonsevne, har rett på barnekoordinator. Barnekoordinator er ikkje ei teneste ein søker på, men kommunen skal tildele den. Dersom ein familie ikkje får tildelt barnekoordinator, skal kommunen likevel sørge for eit heilskapleg og samordna tenestetilbod. 

Det som er sentralt for vurdering av rett til barnekoordinator, skal vere kva slag hjelpebehov barnet har, og om barnet har/vil ha behov for fleire helse- og omsorgstenester. Det er koordinerande eining som har det overordna ansvaret for oppnemning av barnekoordinator.

Ansvarsgruppe

Ei ansvarsgruppe er ei samarbeidsgruppe rundt barnet, der tverrfagleg og tverretatleg samarbeid er nødvendig for å sikre eit heilskapleg og godt totaltilbod. Gruppa skal vere sett saman av representantar frå tiltak og tenester som er aktuelle for barnet, og skal sikre brukarmedverknad. Det skal vere ein koordinator eller barnekoordinator som leiar ansvarsgruppa.

Ein føresetnad for etablering av ei ansvarsgruppe er at personen som skal ta imot tenesta, pårørande til personen eller personens verje, gir samtykke til etablering, og til at nødvendig informasjon og personopplysningar kan utvekslast i gruppa.

Individuell plan

Born som har behov for langvarige og koordinerte helse- og omsorgstenester, har rett på individuell plan. Denne planen skal vise kva slag mål du har, og kva for tiltak som skal til for at måla dine blir nådd. 
Planen bidrar til at alle som jobbar rundt deg, held seg til ein felles framdriftsplan og skal:

  • gi større forutsigbarhet
  • styrke relasjonen mellom deg og tenesteytarane
  • gi forenkla kontakt med systemet

Koordinerte tenester og BTI (Betre tverrfagleg innsats)

Åmli kommune satsar på BTI – modellen, som skal bidra til at tenestemottakarane får heilskapleg og god hjelp så tidleg som råd. BTI – modellen fokuserer på at ein ikkje «slepp taket i» i ein tenestemottakar før ein annan tenesteytar har kopla seg på arbeidet.

Les meir om BTI i Åmli