Grensejustering

Justert areal kan aukast eller reduserast med inntil 5 %, men maksimalt 500 kvadratmeter.

Ved makeskifte mellom eigedommar kan arealet justerast med opptil 20 %, men netto justert må likevel ikkje overstige 5 %. Verdien på eigedommen kan ikkje aukast eller reduserast med meir enn 1 G (G = grunnbeløp i folketrygden).

Grensejusteringa treng ikkje å behandlast etter plan- og bygningsloven dersom den ikkje er i strid med konsesjonsloven, jordloven § 12 eller rettslig bindande planar etter plan- og bygningsloven. Då må det søkast om dispensasjon.

Dersom areal eller verdi overstig grenseverdiane, må det søkast om deling eller arealoverføring. 

Les meir om deling

Slik søker du

Ta ut eit situasjonskart og legg inn grenser til ønska justert areal på dette kartet. 

Situasjonskart kan du få på oppmålingskontoret, eller du kan ta ut vedlegg sjølv, frå ein av desse kartløysingane:

Fyll ut skjema for rekvisisjon for oppmålingsforretning, og legg ved kartet.

Skjema for rekvisisjon for oppmålingsforretning

Søknad sendast til

  • Epost: post@amli.kommune.no
  • Posten: Åmli kommune, Gata 5, 4865 Åmli

Kva kostar det?

Oppmåling - prisar