Kommunedirektøren sitt framlegg til Handlingsprogram og økonomiplan 2026-2029 - Årsbudsjett 2026

Kommunedirektøren sitt framlegg til Handlingsprogram og økonomiplan 2026-2029 - Årsbudsjett 2026 blei 6. november presentert for kommunestyret i Åmli kommune. Presentasjonen blei sendt direkte, og kan (frå fredag 7. november) sjåast i opptak under "KommuneTV" på vår nettside.

Budsjettet skal behandlast i alle utval 25., 26. november og 1. desember. Også i formannskapet som skal gi innstilling til endeleg behandling i kommunestyret 18. desember.

Dersom nokon har innspel til budsjettsakene må desse være sendt til kommunen innan 1. desember, om dei skal bli med sakene til endeleg behandling i kommunestyret. Slike innspel sendast til post@amli.kommune.no 

Du kan lese dokumentet her:

Kommunedirektøren sitt framlegg til Handlingsprogram og økonomiplan 2026-2029 - Årsbudsjett 2026 (PDF, 2 MB)