Jaktrett

Jaktretten tilhøyrer grunneigar.

Jakt på hjortevilt krev at det ligg føre godkjent vald for hjorteviltartane og fellingsløyve for kvar art. Kommunen gjer vedtak for elg, hjort og rådyr. Saker som gjeld villrein blir avgjort av statlege organ.

For elg og hjort kan det utarbeidast fleirårige bestandsplanar. Dei flytter større del av ansvaretfor viltforvaltninga  over på grunneigarsida.

For rådyr er det høve til å søke om å drive kvotefri jakt. Det inneber at rådyr blir forvalta på line med småvilt men innan større einingar enn på eigedomsnivå.

Forskrift om forvaltning av hjortevilt

Kontaktinformasjon

Olav Vehus
Skogbruksrådgjevar
E-post
Telefon 37 18 52 15
Mobil 991 08 482