Regionalt næringsfond

Åmli kommune har ikkje eige kommunalt næringsfond for økonomisk støtte til næringstiltak.

Regionalt næringsfond for Østregionen (RNØ)

Risør, Gjerstad, Vegårshei, Åmli og Tvedestrand kommunar har gått saman om eit regionalt næringsfond. Fondet er oppretta gjennom statlege formidla via fylkeskommunen. Kommunane fyller for tida på desse overførte midla med eit tillegg på 60 %. Fondet disponerer om lag 2,5 millionar kroner årleg. Støtte frå fondet vert gitt som tilskot til næringsprosjekt.

Kven kan søke?

Nyetablerarar og bedrifter/personlege føretak med adresse i kommunen kan etter søknad få tilskot til:

  • Bedriftsutvikling, f.eks. opplæring, produktutvikling, marknadsføring, marknadsundersøkingar og planlegging, med inntil 30% av kostnadene.
  • Investeringar, f.eks. utstyr/maskiner ved oppstarting og utvidingar av mindre bedrifter, med inntil 15% av kostnadene.
  • Samla offentlig støtte kan ikkje overstige 50% av prosjektets kapitalbehov, og maksimalt tilskot til eit enkeltprosjekt er kr. 200.000,-.

Næringsfondet skal nyttast til å fremje etablering av ny næringsverksemd og til styrking og vidareutvikling av eksisterande bedrifter og næringar. Prosjekt som bidrar til betre sysselsettingsmoglegheter for kvinner og nyetableringar skal prioriterast.

Innkomne søknader vert behandla fortløpande og avgjorte i fondsmøte med representantar for dei deltakande kommunane. Fondsmøte 4-5 gonger pr. halvår.

Søknadene til det regionale næringsfondet skal sendast til fondet via elektronisk søknadsskjema.

Søknad til regional næringsfond

Vedtekter for næringsfondet er vedtatt av styret for fondet.

Les vedtektene (PDF, 424 kB)