Næringsareal og -lokale

Åmli kommune søker å ha tilgjengelege næringsareal til ulik type næringsverksemd. Dette skal være areal som passer til nyetableringar og eksisterande bedrifter i vekst som ønsker utvidingar.

Næringsareale

Åmli kommune har eigne areal som er spesielt regulert og tilrettelagt for næring.

Åmli Næringspark

Mest eigna for større industrietableringar og spesielt gode vilkår for skog- og trebaserte industrielle bedrifter. Arealet er kommunalt eigd og er under opparbeiding/tilrettelegging.

Engenes Næringspark

Sentrumsnært kommunalt eigd areal med positiv utvikling. Veleigna for bedrifter som baserer seg på IT og dei tilsette sine kunnskapar, og på direkte besøk frå kundar.

Her har vi også kommunale areal for næringsverksemd og er sentrumsnært. Dette arealet er avsett til meir ruvande og større bygg.

Stigvassmoen

Eit privat areal som i kommuneplanen er avsett til næringsbygg og –etableringar. 3 km avstand til sentrum og med god vegforbindelse.

Simonstad

Eit nytt næringsområde på Simonstad, med nær tilknytning til dagens næringsområde på Jordøya er for tida under utvikling. Området ligg vest for elva og vil være ferdig regulert hausten 2019. Reguleringa vil primært tilrettelegge for komplementerande næring til aktiviteten på Jordøya, eller anna større industri.

Sjå Biozin si heimeside for informasjon om Biozin Holding AS sine planar om å etablere bioråstoff-fabrikk på Jordøya.

Biozin.no
 

Andre område

I kommuneplanen er det og opna opp nokre mindre grendevise område for mindre etableringar. Områda ligg på Selåsvatn, Nelaug og Gjøvdal. Desse areala er ikkje tilrettelagt med utbygd infrastruktur.

Kontaktinformasjon

Tarjei Retterholt
Næringsrådgjevar
E-post
Telefon 37 18 52 61
Yngve Ramse Trædal
Plan- og næringsrådgjevar
E-post
Telefon 37 18 52 24
Mobil 982 55 432