Motorferdsel i utmark og vassdrag

Definisjonar

Utmark: Areal som etter friluftslovas § 1a ikkje vert rekna som innmark. Veg som ikkje er opparbeidd for køyring med bli vert i denne samanhengen rekna som utmark.

Motorkjøretøy: Gjeld alle kjøretøy og fartøy som blir drive med motor, anten dei går på land, i vatn eller i lufta.

Generelt forbod

I utgangspunktet er bruk av motorkjøretøy i utmark og i vassdrag ikkje tillate.
Viktigaste unntaket gjeld køyring i samband med utøving av jord- og skogbruksnæring. Jakt og fiske blir ikkje rekna som næring i denne samanheng.
Andre aktuelle unntak er transport av felt hjortevilt og preparering av skiløyper i regi av kommune, idrettslag, hjelpekorps, turlag eller turistverksemder.

Dispensasjon

Det kan søkast om dispensasjon frå forbodet. Det vanlegaste føremålet er transport av utstyr og bagasje til eiga hytte. 

Ei anna målgruppe er personar med nedsett eller manglande gangfunksjon. For å innvilge slike søknader krevst erklæring frå lækjar som stadfester dette.

Mal erklæring frå lege (PDF, 24 kB)

Dersom du vil søke kommunen om dispensasjon frå forbodet:

Søknadsskjema


Det er Statsforvalteren som behandlar søknader om motorferdsel i verneområde:

Meir informasjon og søknadsskjema om dispensasjon til motorferdsel i verneområde

Om løyvet

Kommunen tek stilling til søknader. Løyvet skal vere skriftleg og ha ein kartdel der innvilga trase er teikna inn.

Politiet og Statens naturoppsyn (SNO) driv oppsyn. 

Grunneigars samtykke

For at løyve skal være gyldig krevst det samtykke frå berørte grunneigarar. Unntaket for politi- og redningsteneste.
Innhenting av grunneigars samtykke er eit forhold mellom søkar og grunneigar som ikkje treng følge søknaden som går til kommunen.

Lov, forskrift og lokale retningsliner

Lov om motorferdsel i utmark og islagte vassdrag

Forskrift om motorferdsel i utmark og islagte vassdrag

Retningsliner for motorferdsel i Åmli kommune frå vintersesongen 2022 til og med barmarkssesongen 2026 (PDF, 275 kB)