Konsesjon og konsesjonsfritakKonsesjonsfritakBebygd eigedom med under 100 daa totalt areal, der dyrka mark er under 35 daa, kan overtakast konsesjonsfritt.Eigedom som blir overdregen til nær slektning, og som fyller krava til odlingsjord, kan overtakast konsesjonsfritt dersom ny eigar flyttar til eigedommen innan 1 år og bur der i minst 5 år samanhengande.I tilfella som er nemnde ovanfor, er det tilstrekkeleg at ny eigar fyller ut eigenerklæring og sender denne til kommunen. Skjema finn du i lenkja nedanfor. Av rettleiinga går det fram i kva tilfelle eigenerklæring ikkje er nødvendig.Meir info og søknadsskjemaNB! Åmli kommune har ikkje nedsett konsesjonsgrense, så det skjemaet skal ikkje nyttast.KonsesjonAndre overdragingar (bebygd eigedom over 100 daa ved fritt sal, og overdraging innan familien med søknad om mellombels eller varig fritak frå kravet om buplikt) er konsesjonspliktige. Søknadsskjema finn du i lenkja nedanfor.Meir info og søknadsskjema