Veterinærvakt - dyrevelferdÅmli kommune deltar i veterinærvaktsamarbeidet for veterinærdistriktet Holt-Nedenes. Telefonsvarar med oppdatert vaktinformasjon: 37 02 48 05 Vakta går alle dagar frå kl 16:00 til kl 08:00 påfølgjande dag, og alle helger og heilagdagar. Det er dyreeigar som har ansvar for at dyr har det bra, men Mattilsynet har ansvar for å ha tilsyn med at dyreeigar gjer jobben sin. Dersom dyreeigar bryt lova og ikkje tar hand om dyra på ein god nok måte, har Mattilsynet rett og plikt til å gripe inn. Mattilsynet kan ta dyr i forvaring, omplassere dei eller avlive om nødvendig. Telefon til Mattilsynet: 22 40 00 00. Publisert 09.08.2018 14:05 Sist endra 03.01.2020 09:13