Bruk av plantevernmiddel

Alle som vil kjøpe eller bruke plantevernmiddel i yrkesmessig samanheng må ha eit gyldig autorisasjonsbevis. Dette gjeld også ansvarleg hos forhandlar av plantevernmiddel.

Mattilsynet har ansvar for autorisasjonsordninga. Norsk Landbruksrådgiving held autorisasjonskurs.

Les meir på Mattilsynet sine nettsider

Autorisasjon etter gjennomført og bestått prøve gjeld for 10 år av gongen

Før autorisasjonsbevis blir skrive ut, må kommunen attestere at kursdeltakar har eit næringsmessig behov. 

Kontaktinformasjon

Kari Hagelia Olstad
Jordbruks- og næringsrådgjevar
E-post
Telefon 37 18 52 52
Mobil 416 43 435