Ledsagerbevis

Ledsagerbevis skal gi funksjonshemma eller andre med stort behov for følge eller assistanse same moglegheit som resten av befolkninga til å delta på kultur- og fritidsaktivitetar som kino, idrettsarrangement, teater, konsertar, symjehall eller å reise kollektivt.

Ledsagerbeviset skal gjere kultur- og fritidstiltak meir tilgjengeleg, for å førebygge sosial isolasjon og bidra til auka livskvalitet. Den som har følgekort betaler sjølv sin inngangsbillett, medan følgjar kjem inn gratis.

Kven kan søke?

Målgruppene for ordninga er:

  • Dei med fysisk funksjonshemming
  • Dei som er utviklingshemma
  • Dei som har ei psykisk lidingar
  • Dei som har samansette/andre funksjonshemmingar

Det blir ikkje tatt omsyn til søkjaren sin økonomiske situasjon, eller søknader som har ein økonomisk grunngjeving. Ordninga omfattar ikkje korttidssjuke.

Kriteria for å få følgjekort

Det må ligge føre eit opplagt behov for følgje, støtte og tilsyn der det er naudsynt med følgje, stadfesta av lege eller anna helsepersonell.

Ledsagerbevis blir tildelt uavhengig av kor ofte det er aktuelt å gjere bruk av kultur- og fritidsaktivitetane. Ordninga er ikkje knytt opp til om vedkomande trygda.

Korleis søkjer eg?

Søknadsskjema skal fyllast ut og sendast til: Åmli kommune, Gata 5, 4865  ÅMLI

Les meir hos Barne-, ungdoms og familiedirektoratet

Kor kan ein bruke ledsagerbeviset?

Ledsagerbevis skal gjelde i heile landet der arrangørar, transportselskap eller insitutsjonar som krev inngangspengar har akseptert ordninga. Sjå etter symbolet for ledsagerbevis ved inngangen.

Stadig fleire kommunar og institusjonar innfører no ordning med ledsagerbevis. Her er nokre av dei stadene du kan bruke ledsagerbeviset:

Lokalt (i Åmli kommune):

  • Symjehallen
  • Bygdekino
  • Elvarheim museum
  • Alle arrangørar som mottar kulturmidlar frå kommunen

Regionalt:

  • Dyreparken i Kristiansand
  • m.fl.

Nasjonalt:

  • Norges idrettsforbunds arrangement
  • Riksteatret
  • Rikskonsertene
  • Riksfergene
  • NSB/tog 50% for den funksjonshemma, 50% for ledsger på full pris
  • Norlandia-hotella, følgjar gratis i dobbeltrom med frukost
  • Alle som mottar økonomisk støtte frå Kulturdepartementet til kulturformidling med billettsal
  • Kongeparken i Stavanger
  • Tusenfryd i Oslo
  • Hunderfossen Familiepark
  • Maihaugen på Lillehammer
  • Sommarland i Bø i Telemark
  • Sirkus

Lista over dei som mottar ledsagerbevis her er ikkje uttømande. Dersom du er i tvil, bør du ta direkte kontakt med den institusjonen du ønskjer å besøke for å høyre om denne tar ledsagerbevis.

Val av ledsager

Den funksjonshemma kan sjølv bestemme/velje ledsager, til eksempel: venn, familiemedlem, støttekontakt.

Retningsliner

Statens råd for likestilling av funksjonshemmede har utarbeid retningsliner med utfyllande merknader.

Les Statens råd for likestilling av funksjonshemmede sine retningsliner

Kontaktinformasjon

Tonje Ramse Trædal
Rådgjevar/kulturskulerektor
E-post
Telefon 37 18 52 64
Mobil 926 29 512