UKM - Ung Kultur Møtes

UKM er eit nasjonalt arrangement der barn og unge mellom 10 og 20 år kan utfalde sin kreativitet. Ein kan delta med alt som kan visast på ein scene eller i eit galleri. Det er kommunale mønstringar, der representantar for ulike kulturuttrykk blir plukka ut til å visast på fylkemønstringa. For å gå vidare til fylkesmønstringa må ein vere fylt 13 år. Frå fylkesmønstringa går nokre vidare til landsfinalen.

Påmeldinga til UKM startar 1. desember. Lokalmøntringane og fylkesmønstringa er vanlegvis i perioden februar-mars, og landsfilalen i juni.

Les meir og meld deg på

Kontaktinformasjon

Lise Lotte Fogh Johansson
Kulturrådgjevar
E-post
Telefon 41 50 98 67
Mobil 41 50 98 67