Topp20 - fjellturar

Åmli Turistforum har skilta og merka 20 ulike turar i heile Åmli kommune. Ved startpunkta for dei 20 turløypene er det sett opp ei infotavle og skilt med namnet på turløypa og symbol for grad av kor vanskeleg ein antek løypa er. På toppen er det ei kasse med gjestebok og klippetang som du kan bruke til å klippe i toppkortet på baksida av Topp 20-brosjyra.

Dei som har gått alle turane får ein premie. Toppkort kan sendast til Åmli turistforum ved Barbro Hillestad, Hillestad 180, 4869 Dølemo. Alle premiane blir utdela i etterkant. Seinaste innlevering er 20 september. Hugs namn, full adresse og alder.

Kom dykk ut og gå alle Topp20! Nokon har sikkert starta tidlegare år og nå er det god grunn for å få med seg dei siste og levere inn. Trekt gavepremie blant dei som leverer 20 turar.

Alle premiane blir utdela i etterkant. Seinaste innlevering er 20 september. Husk namn, full adresse og alder.

Brosjyre inkl. toppkortet kan du få på følgjande stader:

  • Ved infotavle på kvar løype
  • Åmfoss kafeteria
  • Hillestad Galleriet
  • Pan Garden
  • Vindilhytta
  • Elvarheim Museum
  • På butikkane i Tovdal, Gjøvdal og Nelaug
  • På rådhuset
  • Last den ned (PDF, 2 MB) (pdf, 2 mb)

På lengre turar anbefaler vi alltid at ein tek med seg kart og kompass.

NB! Alle turløypene er merka som sommarløyper.

Kontaktinformasjon

Tonje Ramse Trædal
Rådgjevar/kulturskulerektor
E-post
Telefon 37 18 52 64
Mobil 926 29 512