Spelemidlar til idrettsanlegg

Ein kan søke spelemidlar til idrett og fysisk aktivitet for to kategoriar av anlegg:

  • Ordinære anlegg er anlegg for organisert idrett og fysisk aktivitet, samt eigenorganisert fysisk aktivitet. Denne typen anlegg kan i regelen få inntil 1/3 i tilskot. Turvegar og turstiar kan i regelen få inntil 50% i tilskot.
  • Nærmiljøanlegg er utandørsanlegg for eigenorganisert fysisk aktivitet i tilknyting til bu- og/eller aktivitetsområde som idrettsanlegg, skular og barnehagar.

Ein kan i tillegg søke om løypetiltak i fjellet og overnattingshytter (eige skjema).

Dei som kan søke er:

  • Kommune
  • Fylkeskommune
  • Idrettsorganisasjonar knytt til NIF, Norges jeger- og fiskeforbund, DNT, Norges Bilsportforbund eller Det Frivillige Skyttervesenet.

Søknadsprosess:

Anlegga må tilfredsstille krav til universell utforming, og må vere allment tilgjengelege.

Søkar må ha tinglyst rett til bruk av grunnen der anlegget skal ligge i 30 år (ordinære anlegg) eller 10 år (turstiar/løyper)

Anlegget må vere del av vedtatt kommunal plan for idrett og fysisk aktivitet. Denne planen skal rullerast kvart år.

Plan for idrett og fysisk aktivitet (link)

Kommunen annonserer kvart år frist for å levere spelemiddelsøknad. Normalt er dette i oktober.

For nye anlegg må ein ta kontakt med kommunen for å registrere eit anleggsnummer.

Ein må også søke kommunen om idrettsfunskjonell førehandsgodkjenning.

Deretter kan ein levere søknad om spelemidlar på kulturdepartementets side

Meir informasjon og søknadsskjema (feil lenke...)