Elvarheim museum

Elvarheim museum held til i det gamle samfunnshuset frå 1925 ved Nidelva i Åmli sentrum.

Museet opna i 1991, og er eigd av Åmli kommune. Aust-Agder museum og arkiv IKS har det faglege ansvaret for museet, i samarbeid med lokal museumsleiar og museumsnemnd.

Elvarheim Museum si nettside (her finn du åpningstider)

Følg Elvarheim museum på facebook

Følg Elvarheim museum på instagram

 

Litt informasjon om kva du finn på Elvarheim museum:

Stokkebåten og varetransport i jernalderen

Stokkebåten er ein uthola trestamme, og er den eldste båttypen me kjenner til.
Innlandsvatn og rolege elveløp på Agder var laglege ferdselsvegar for varetransport med stokkebåt alt tidleg i jernalderen. Det er gjort mange funn av stokkebåt i Aust-Agder. Ein av desse blei konservert og tatt vare på i 1996-1997 av Egil Knutsen og Bjørg Kleivene for framtidig utstilling på Elvarheim Museum. Dei fekk kyndig hjelp av Norsk Sjøfartsmuseum, og båten kan du sjå på Elvarheim i sommar. Utstillinga, som er laga i samarbeid med Setesdalsmuseet, viser også til viktige handelsvarer som blei  transporterte frå Åmli til kysten i jernalderen. Det kunne vere myrjern, tjøre, ullvare, kleberprodukt og pelsverk. 

Det vil også bli vist filmen «Stokkebåtprosjektet» som Norsk Sjøfartsmuseum laga i 2005 då ein eikestokk frå Skiftenes i Landvik blei frakta til Sjøfartsmuseet for å lage ein kopibåt. Filmen er ein del av Sommarutstillinga saman med ein kortfilm laga av Ågot Noss på Norsk Folkemuseum som viser ulike teknikkar for karding og spinning av ull. 

Opning av utstillinga er fredag 28. juni klokka 17.00. 

Fangstmannen og samlaren Aslak Harstveit

Grunnstammen i museet er fangstmann Aslak Harstveits samling av utstoppa dyr, fangstreiskapar og over 200 knivar. Utstillingane viser ville dyr i vår lokale fauna, inkludert dei store rovdyra ulv, jerv og gaupe. Det er også eit eige "nattdyrrom" og eit fuglerom der du m.a. kan høyre ulike fuglelydar.

Bjørneskyttaren Olav Tverrstøyl

Det fjerde store rovdyret, bjørn, finn du i eit eige bjørnerom, som er via historia om bjørneskyttaren Olav Tverrstøyl. Han var med på å felle nær 100 bjørn i Agder og Telemark i siste halvdel av 1800-talet.

Beveren - Det vesle folket

kjellaren har vi ei flott beverutstilling, "Det vesle folket", der du kan oppleve beverens liv over og under vatn, sjå ein film om bever og lære om beverens dramatiske historie.

Åmli er beverkommunen framfor nokon. Då beveren var nær utrydding på slutten av 1800-talet, fanst det ein bestand på mindre enn 100 dyr igjen her i landet, lokalisert rundt Åmli. Beveren blei freda, og frå 1920-talet blei det gitt løyve til utførsel av levande bever Sverige og seinare fleire andre land. I dag finst det rundt 70 000 bever i Noreg og 100 000 i Sverige - alle etterkommarar etter Åmlibever. På verdsbasis reknar ein med at rundt halvparten av Europas beverbestand har opphav i Åmli.

Felemakaren Sveinung Gjøvland

Åmli har ein rik folkemusikktradisjon, og Sveinung Gjøvland var i si tid ein av landets beste felemakarar. Felemakarverkstaden hans er utstilt i 2. etasje, og blir opna etter førespurnad.

Mangfald og Mote

Åmli har ein rik drakttradisjon, og folkedrakter frå Åmli dannar utgangspunkt for Åmlibunaden som blir brukt over store delar av Aust-Agder i dag. Denne permanente utstillinga viser draktskikk i Åmli frå 1700- til 1900-talet, frå dei eldste bevarte folkedraktene og fram til bunad og kjolemote. Utstillinga er eit samarbeid mellom Elvarheim museum og Åmli historielag, og er kuratert av Torild Ankersdatter Fossnes. Aust-Agder museum og arkiv og Setesdalsmuseet har også bidratt til utstillinga.