Heimesjukepleie

Åmli Kommune tildeler heimesjukepleie til innbyggarar som har behov for nødvendig helsehjelp. 

Heimesjukepleie gis ved behov etter kartlegging og vurdering.

Vi tilbyr

  • Pleie og omsorg tilpassa personens behov
  • «Kva er viktig for deg» er viktig for oss
  • Oppfølging etter opphald på sjukehus
  • Observasjon og oppfølging etter sjukdom og skader
  • Omsorg ved livets slutt

Kven kan få tilbodet?

Behovet vurderast med bakgrunn i:

  • Kva personen sjølv kan klare
  • Personens eiga oppfatning av sin situasjon, hjelpebehov og sine ressursar
  • Om det er en ektefelle eller pårørande som kan bidra
  • Ei fagleg vurdering av personens helsesituasjon, fysisk og mentalt, eigna bustad og familiesituasjon

Personalet overtar ikkje gjeremål som personen sjølv er i stand til å utføre.

Vi vurderer alltid fortløpande om det gis riktig tenestetilbod.

Heimesjukepleia forventar at:

  • Pårørande følger til lege eller andre typar avtaler
  • Heimesjukepleia får beskjed dersom brukaren ikkje er heime til avtalt tid
  • Hjelpemidlar brukast og nødvendig tilrettelegging blir gjort, også av omsyn til personalet

Pårørande er en viktig samarbeidspartner.

Slik søker du:

Ta kontakt med tenestekontoret eller heimesjukepleia (sjå kontaktinformasjon i artikkelen)

Søknadsskjema (PDF, 302 kB)

Brukaren sjølv, pårørande, sjukehuset eller andre instansar melder behovet til Åmli kommune, Helse- og omsorgsavdelinga, skriftleg eller munnleg.

Vi svarar på søknader og førespurnader skriftleg og munnleg.

Det skriftlige vedtaket seier kor ofte tenesta gis og kva innhaldet i tenesta skal være.

Lov

Tenesta blir tildelt etter lov om kommunale helse- og omsorgstenester §3-2 første ledd nr. 6a.

Les loven

Klage:

Les om klage