Informasjon om klagerett på kommunale enkeltvedtak

Du har klagerett på kommunale enkeltvedtak. Definisjonen på kva eit enkeltvedtak er finn du i forvaltningslovas kapittel VI.

Lenker til forvaltningslova finn du her:

Under finn du informasjon om korleis du går fram om du vil klage på eit enkeltvedtak gjort av Åmli kommune.

Kven kan klage?

Du har rett til å klage på eit vedtak dersom du er part eller har rettsleg klageinteresse i saka.

Kven sender du klaga til?

Det er Statsforvalteren i Agder som er klageinstans for kommunale enkeltvedtak gjort i Agder, men du sender klaga til Åmli kommune.

  • Epost: post@amli.kommune.no
  • Posten: Åmli kommune, Gata 5, 4865 Åmli.

Dersom kommunen ikkje endrar vedtaket som følge av klaga di, sender kommunen klaga vidare til Statsforvalteren for avgjerd.

Klagefrist

Klagefristen er tre veker frå den dagen du mottok eller blei gjort kjent med vedtaket. Det held at klaga er postlagt før fristen går ut.
Dersom du klagar for seint, kan vi sjå bort frå klaga. 
Du kan søke om å få forlenga fristen. I så fall må du oppgi årsak til at du ønsker dette.

Du har rett til å få ein begrunnelse

Hvis du har fått avslag, skal du få ein begrunnelse for avslaget. Dersom du meiner at avslaget ikkje er godt nok begrunna, kan du be om ein meir utfyllande begrunnelse. Du må be om dette før klagefristen går ut. Ny frist begynner å løpe frå det tidspunktet du mottek begrunnelsen.

Kva skal være med i ein klage?

Når du sender inn ein klage, skal du skrive kva for eit vedtak du klaga på, og den eller dei endringene du ønsker. Du må skrive kvifor du klagar, og oppgi andre opplysningar som kan ha betydning for å vurdere klagen. Du må og skrive under på klagen.

Du kan be om utsetting av vedtaket

Sjølv om du har klagerett, kan vedtaket vanlegvis gjennomførast straks. Du kan be om å få utsatt iverksettinga av vedtaket til klagefristen er gått ut, eller til klagen din er ferdig behandla. Hvis du får avslag på søknaden om utsatt iverksetting, kan du ikkje klage på denne.

Du har rett til å sjå dokumenta i saken og få veiledning

Du har rett til å sjå dokumenta i saken, det er bare enkelte dokument som kan være unntatt offentlighet.
Du kan henvende deg til kommunen for å få meir informasjon om innsyn i saker, få vite meir om reglane for saksbehandling og få veiledning.

Du kan søke om å få dekka kostnader ved klagesaken. Som part skal du i utgangspunktet få dekka vesentliee og nødvendige kostnader hvis enkeltvedtaket blir gjort om til din fordel, jf. forvaltningslova § 36.
Du kan og søke om å få dekka utgifter til nødvendig advokatbistand etter reglane om fri rettshjelp. Ved fri rettshjelp er det di inntekt og formue som avgjer om du har rett til å få dekka advokatutgifter.
Du kan ta kontakt med Statsforvalteren i Agder for å få meir informasjon om retten til å få dekka saksomkostningar.

Klage til Sivilombudsmannen

Dersom du meiner at du har blitt utsett for urett eller feil frå den offentlige forvaltninga si side, kan du klage til Stortingets ombudsmann for forvaltninga (Sivilombudsmannen). Sivilombudsmannen kan ikkje sjølv endre vedtaket, men kan gi sin vurdering av korleis den offentlige forvaltninga har behandla saken, og om det er gjort eventuelle feil eller forsømmelsar. Du må derfor først ha brukt klagemoglegheitene du har hos henholdsvis kommune, statsforvalter o.l.
I tillegg til endelege avgjerder, behandlar ombudsmannen saker om lang saksbehandlingstid og manglande svar frå forvaltninga.
Det er gratis å klage. Dette gjelder likevel ikkje i saker som er avgjort av Kongen i statsråd. Dersom du får klagen din avgjort i statsråd fordi Kongen er klageinstans, kan du difor ikkje seinare bringe saken inn for Sivilombudsmannen.