Åmli kommune har i ei årrekke gitt tilbod om sommerjobb til ungdom busett i kommunen. Tilbodet har variert frå for både 16- og 17-åringar og tre vekers varighet, til berre eit kull og to vekers varighet dei siste åra. Det har vore tilbod om jobb både i kommunale tenester og via private/næringsdrivande.
Nå er tilbodet noko endra. Det er ikkje lenger rein sommarjobb frå kommunen, men ungdom kan søke på ordinære sommervikarstillingar i kommunale tenester, som lysast ut kvart år. I tillegg tilbys det tilskot til private/næringsdrivande som tilset Åmliungdom i sommerjobb.
Det er ikkje lenger eige søknadsskjema for ungdom som ønsker sommerjobb, og heller ingen garanti for at alle får jobb.