Oppfølgings og losfunksjon for ungdom

Kva gjer losen?

Losen si oppgåve er å fylgje opp ungdom frå ungdomsskulen og gjennom vidaregåande skule.
Innbyggere under 25 år som er arbeidsledige kan òg innlede samarbeid med losen.

Målet med å ha los i Åmli kommune

Målet er å styrke ungdomanes skuletilknytning, trivsel og meistring, og skal gjennom det bidra til å betre skuleprestasjonane og å auke gjennomføringa i vidaregåande opplæring. Faste samtalar med elevane er eit sentralt verktøy, og losen samarbeider i tillegg med alle aktuelle tenester som rådgjevarar, skulens ungdomskule-team, skulehelsetenesta, oppfylgjingstenesta m.fl.

Besøksadresse

Losen har kontor både på rådhuset og på Åmli skule.

Losen er på facebook

Finn losen på Facebook