Kven har ansvar for introduksjonsprogrammet?
I Åmli kommune er det flyktningkoordinator under Oppvekst som har ansvaret for Introduksjonsprogrammet for nye flyktningar.
Lov om introduksjonsordning og norskopplæring for nyankomne innvandrere (introduksjonsloven) gjeldene fra 1.1.2020.
§ 4. Introduksjonsprogrammet
Introduksjonsprogrammet tilrettelegges for person som har behov for grunnleggende kvalifisering. Introduksjonsprogrammet tar sikte på å
a) gi grunnleggene ferdigheter i norsk
b) gi grunnleggende innsikt i norsk samfunnsliv
c) forberede for deltakelse i yrkeslivet
Programmet skal være helårlig og på full tid,.
Programmet skal minst inneholde
a) norskopplæring
b) sammfunnskunnskap
c) arbeids- eller utdanningsrettede tiltak
Ved gjennomført eller avbrutt program skal det utstedes et deltakerbevis.
Om introduksjonsprogrammet
Kven skal inn i programmet?
Alle nye flyktningar som bur i Åmli kommune og som er mellom 18 og 55 år, skal delta i introduksjonsprogrammet.
Rett og plikt til deltaking i introduksjonsprogrammet gjeld berre for personar som bur i kommunen og der det er inngått avtale mellom utlendingsmyndigheita og kommunen.
Introduksjonsprogrammet gjeld ikkje for nordiske borgarar og utlendingar som er omfatta av EØS-avtalen.
Kor lenge varar programmet?
Lov om introduksjonsordning og norskopplæring for nyankomne innvandrere (introduksjonsloven)gjeldene fra 1.1.2020.
§ 5.Programmets varighet
Programmet kan vare i inntil to år, med tillegg av godkjent permisjon. Når det vil styrke den enkeltes mulighet for overgang til arbeid eller ordinær utdanning, eller styrke muligheten for å nå målsettingen i den individuelle planen, kan programmet forlenges til inntil tre år.
Programmet er på fulltid (37,5 timer per veke) og heilårig (5 veker ferie per år).
Innhold i programmet
Norskgruppe
Åmli kommune tilbyr norsk og samfunnskunnskap ved å kjøpe tenester frå Arendal Voksenopplæring.
Grunnskuleopplæring
Grunnskule for vaksne tilbys intro-deltakarar med behov for kvalifisering . Grunnskuleløpet kan variere frå eitt til fire år, avhengig av tidlegare skulegang og den enkeltes utvikling og framgang. Åmli kommune tilbyr grunnskuleopplæring ved å kjøpe tenester frå Arendal Vaksenopplæring.
Språkpraksis
Alle deltakarar i programmet skal bli kjent med lokalt arbeidsliv, bygge nettverk og skaffe attestar og referansar som vil auke sjansen for betalt arbeid på heil- eller deltid. Innan 6 månader etter busetting skal deltakarar vere i språkpraksis i ein bedrift (her tek ein individuelle omsyn). I tillegg er deltakarane i praksis når skulen har ferie.
Kurs i samfunnskunnskap
Alle deltakarar i programmet må gjennomføre 50 timar samfunnsfag.
Plikter i programmet
- Deltakar følgjer reglement for introduksjonsprogrammet og skulen
- Deltakar er med og utarbeider sin individuelle plan og tek ansvar for dette
- Deltakar syner aktivitet og interesse i opplæringa/gjennomføringa av individuell plan
- Deltakar gjennomfører språktrening i bedrift.
Rettigheiter i programmet
- Oppfølgjing og vegleiing av flyktningekoordinator og lærar
- Ein individuell plan for aktivitetar og tiltak i Introduksjonsprogrammet
- Utbetaling av introduksjonsstønad den 11. i kvar månad
- Erfaring frå ulike yrke og bransjar gjennom praksis
- Karrierevegleiing
- Miljø som er prega av tryggleik og trivsel
Introduksjonsstønad
Stønaden blir fastsett på grunnlag av folketrygdas grunnbeløp (G) x 2 på årsbasis og blir indeksregulert 1. mai kvart år. Deltakarane i aldersgruppa 18-25 år får utbetalt (G) x 11/2
Introduksjonsstønad utbetalast den 11. i kvar måned.
Ferie og fravær
Deltakarane har fem veker ferie per år. Det er flyktningkoordinator som fastsett ferievekene. Ferien tas i samband med norsk juleferie og påskeferie, og delar av sommarferien til skulen.
Ugyldig fråvær gir trekk i stønad og kan føre til midlertidig eller fast stans av programmet.
Lov
Introduksjonslova ligg til grunn for arbeidet med å styrke nye innvandrarar si deltaking i yrkes- og samfunnslivet, og deira økonomiske sjølvstende.
Lov om Introduksjonsordning og norskopplæring for nyankomne innvandrarar
Besøksadresse
Rådhuset: Gata 5, 4865 Åmli