Valstyret 10.03.2025, sak 25/3 - Stortingsvalet 2025 - Fastsetting av stemmestader for førehandsrøysting, samt opningstider for desse og for vallokale på valting
Førehandsrøysteperioden:
Stemmestad for ordinært mottak av førehandsrøyster er Åmli rådhus.
- Opningstid vil følgje ordinær opningstid for rådhuset som er 09.00-14.00.
- Det skal i tillegg haldast langopent to dagar i tidsrommet 14.00-19.00.
Stemmestader for førehandsrøysting i kvar av dei tre nedlagte valkretsane Gjøvdal, Nelaug og Dølemo blir hhv. Vallhall, Nelaug skule og Dølemo oppvekstsenter.
- Opningstid 15.00-18.00 ein ettermiddag på kvar stad.
- Kommunedirektør får fullmakt til å avgjere datoar for desse.
Valting:
På valdagane vil vallokalet Åmli rådhus ha følgjande opningstider:
- Søndag 7. september: 13.00-16.00
- Måndag 8. september: 08.00-20.00
Publisert 11.03.2025 08:05
Sist endra 11.03.2025 08:05