Kontrollutvalet

Kontrollutvalet er eit obligatorisk utval som vert valt av kommunestyret for valperioden, jfr. kommunelovens §77. Kontrollutvalet har det løpande ansvaret for tilsyn og kontroll med den kommunale verksemda.

Kontrollutvalet opptrer på vegne av kommunestyret og er underlagt kommunestyret sin økonomiske og administrative styrings- og instruksjonsmynde. Utvalet sitt ansvarsområde omfattar heile den kommunale verksemda.

Ordførar, varaordførar, medlemmar av formannskapet, og kommunalt tilsette er ikkje valbare til kontrollutvalet.

Oversikt over medlemmar, innkallingar, protokollar og årsmeldingar finn du på sekretariatet si nettside:

Vedtaks - Åmli kontrollutvalg 2023-2027

Vedtaks - Åmli kontrollutvalg 2019-2023

Temark (fram til 2019)


Møta finn stad på rådhuset og er opne for publikum. Sjå innkalling for tidspunkt.