Forhåndsstemme - Stortingsval 2021

I Åmli kan du forhåndsstemme på rådhuset kvar virkedag i perioden 10.08. - 10.09 i opningstida som er 08:30 - 15:00.

I tillegg vil vi ha kveldsåpent torsdagane 2. og 9. september, i tidsromet 17:00-19:00.

Hugs å ta med legitimasjon med bilde, og gjerne valkort også.


I forhåndsstemmeperioden kan du stemme i det forhåndsstemmelokalet du måtte ønske i heile landet. Det er viktig å hugse på at det ikkje er mogleg å angre på stemmegivinga si i Noreg. Det betyr at om du forhåndsstemmer, så kan du ikkje stemme på nytt, heller ikkje på valdagen.

Veljarar som er uføre eller sjuke og som ikkje kan forhåndsstemme på ordinær måte, kan søke om ambulerande stemmemottak, og få stemme heime. 
Søknad om ambulerande stemmemottak sendast: Åmli kommune, Gata 5, 4865 Åmli eller på e-post til: postmottak@amli.kommune.no, eller ved at du tek kontakt med kommunen sitt sentralbord tlf 37 18 52 00.
Slik søknad må vere mottatt av kommunen seinast 10. september kl 10.00.

På grunn av pandemien vil vi i år oppfordre til å benytte seg av muligheten for å forhåndsstemme.

Dersom du er i karantene, og må forhåndsstemme mens du er i karantene fordi du ellers ikkje får stemt, kan du kontakte oss og vi vil legge til rette for at du får stemt på utsida av rådhuset.

Dersom du er i isolasjon på grunn av påvist Covid-19, og må forhåndsstemme mens du er i isolasjon fordi du ellers ikkje får stemt, kan du søke kommunen om å avlegge stemme heime (ambulerande stemmemottak). Slik søknad må vi ha innan fredag 10. september kl 10:00. 

Les meir om når og kor du kan stemme på valg.no sine nettsider

Kontaktinformasjon

Informasjonssenter Rådhuset
E-post
Telefon 37 18 52 00