Ny alminneleg taksering av eigedomsskatt i Åmli kommune

Åmli kommunestyre har vedteke å gjennomføre ny alminneleg taksering av eigedomar i 2026, jf. eigedomsskattelova § 8 A-3. Takseringa omfattar alle eigedomar som inngår i kommunen sitt gjeldande utskrivingsalternativ etter eigedomsskattelova § 3 bokstav d. 

Kommunen har engasjert eSkatt AS til å gjennomføre synfaring og utarbeide grunnlag for takseringa på vegner av sakkunnig nemnd. 

Informasjon til eigarar av næringseigedomar.

Eigarar av næringseigedomar vil bli kontakta og bedne om å sende inn opplysningar som kan bidra til ei korrekt taksering. 
Dette kan mellom anna vere:

  • Opplysningar om eigedomen og arealbruk
  • Leigeforhold og leigeinntekter for næringsareal
  • Verdivurderingar eller annan dokumentasjon
  • Opplysningar om bygningstilstand, oppgraderingar eller særskilde forhold

Alle opplysningar blir behandla konfidensielt i samsvar med gjeldande regelverk. 

Brevet som er sendt til alle eigarar av næringseigedomar. (PDF, 226 kB)

Fristar og synfaring

  • Frist for innsending av opplysningar: 4. september 2026
  • Synfaringar vil bli gjennomførte i perioden 7. september til 2. oktober 2026 (veke 37–40). 

Informasjonsmøte

Åmli kommune inviterer til informasjonsmøte om takseringsprosjektet:
Onsdag 26. august 2026 kl. 18.00
Kommunestyresalen, Åmli rådhus
Representantar frå eSkatt AS vil orientere om prosjektet og svare på spørsmål. 

Spørsmål om takseringsprosjektet kan rettast til:

  • E-post: amli@eskatt.no
  • Telefon: 901 82 375
  • Åmli kommune: postmottak@amli.kommune.no / 37 18 52 00