Forhåndsstemme i Gjøvdal, på Dølemo eller Nelaug?
Stemmekretsane Gjøvdal, Dølemo og Nelaug er lagt ned. Det betyr at på valdagen må du reise til rådhuset i Åmli sentrum for å stemme.
Vi tilbyr likevel høve til å forhåndsstemme i grendene, ein ettermiddag i kvar grend.
- Vallhall i Gjøvdal: 25. august kl 15:00-18:00
- Dølemo oppvekstsenter: 27. august kl 15:00-18:00
- Nelaug skule: 1. september kl 15:00-18:00
Hugs legitimasjon med bilde når du skal stemme!
Del gjerne denne informasjonen med eldre og andre som ikkje er så aktive på internett.
I tillegg kan alle som ønsker det forhåndsstemme på rådhuset i Åmli sentrum kvar dag fram til 5. september.
Finn meir info og opningstider
Publisert 11.08.2025 13:05
Sist endra 11.08.2025 13:47