Eigedomsskatt

Kommunestyret  har vedteke at det skal vere eigedomsskatt i Åmli kommune.

I 2023 skrivast det ut eigedomsskatt etter esktl. § 3 første ledd bokstav d – berre på næringseigedom, kraftanlegg, vindkraft, kraftnettet og anlegg omfatta av særskattereglane for petroleum.

Lov om eigedomsskatt til kommunane 

Den alminnelege eigedomsskattesatsen for 2023 er 7 promille.

Fullstendig utskrivingsvedtak 2024 (PDF, 199 kB)

Takstvedteketer for Åmli kommune gjer greie for det generelle regelverket kring eigedomsskatt i Åmli.

Takstvedtekter for Åmli kommune (PDF, 751 kB)

Takseringsreglane gjer greie for korleis sjølve takseringa vert gjennomført.

Takseringsreglar (PDF, 720 kB)

Eigedomsskattelister

Eigedomsskattelistene leggas ut til offentleg ettersyn  innan 1. mars kvart år. Listene er offentlege i minst tre veker.

Klage på eiendomsskattegrunnlag

Klagefristen er seks veker etter at eiendomsskattelistene er lagt ut. I 2024 er klagefristen 15. april.  

Kontaktinformasjon 

Ved klage, spørsmål eller innspel om eigedomsskatt kan eigedomsskattekontoret kontaktast på følgjande måte:

Post: Åmli kommune, Eigedomsskatt, Gata 5, 4865 Åmli
Epost: eskatt@amli.kommune.no 
Tlf: 95 27 27 60