Velkomen til dagsturhytta Trogbu!

Dagsturhytta Trogbu ligg på Trogfjell nær Åmli sentrum, med god utsikt over sentrum, Nidelva, og det vakre kulturlandskapet forma av aktiv jord- og skogbruksdrift.

Følg Trogfjellstien frå Elvarheim museum. Turen er 1,6 km ein veg. Det er ei delvis bratt løype, men mogleg å kvile i gapahukar langs løypa. 
Infotavler undervegs.
Trogfjellstigen er også ei rundløype, sjå kart.

Kart som viser plassering av hytta (PDF, 3 MB)

Hytta er utstyrt med omn, solcellpanel, og bibliotek.
Toalett nær hytta.

Les Informasjonsskilt med reglar for bruk av hytta!

Ordensreglar for dagsturhytta - nynorsk - Klikk for stort bileteOrdensreglar for dagsturhytta - nynorsk Åmli kommune
Dagsturhytta Trogbu på Trogfjell i Åmli - Klikk for stort bileteDagsturhytta Trogbu på Trogfjell i Åmli Hilde Hansen Smeland