Næringsutvikling

Åmli har variert næringsliv med moderne produksjonsbedrifter, nettbaserte handelsbedrifter, reiselivsbedrifter, handverksbedrifter og eit godt utbygd tilbod innanfor handel og service både til næring både til privatpersonar og til ander næringsdrivande. Jordbruk og skogbruk både i tradisjonell form og med tilleggsnæringar er viktige i Åmli. Kommunen er den største skogkommunen i Agder og har utvekla mykje industri knytt til treforedling.

Åmli kommune arbeider for å ha eit nært samarbeid med næringslivet i kommunen. Det gjeld både i form av et løpande samarbeid med den enkelte næringsaktør og ved tilrettelegging for møteplasser mellom kommune og næringsliv.

Overordna langsiktig planlegging og utarbeiding av meir konkrete reguleringsplanar har stort fokus på næringsutvikling og er viktige føresetnader for å få til slik utvikling. Nærings- og samfunnsutvikling har ofte mange aktørar og Åmli kommune søker å ha god dialog og nært samarbeid med Aust-Agder fylkeskommune og statlege etatar i dette arbeidet.

Kontaktinformasjon

Tarjei Retterholt
Næringsrådgjevar
E-post
Telefon 37 18 52 61
Yngve Ramse Trædal
Plan- og næringsrådgjevar
E-post
Telefon 37 18 52 24
Mobil 982 55 432