Definisjonar
Utmark: Areal som etter friluftslovas § 1a ikkje vert rekna som innmark. Veg som ikkje er opparbeidd for køyring med vanlig bil vert i denne samanhengen rekna som utmark. Eksempel: traktorslepe og ubrøyta veg.
Motorkjøretøy: Alle kjøretøy og fartøy som blir drive med motor, anten dei går på land, i vatn eller i lufta.
Generelt forbod
I utgangspunktet er bruk av motorkjøretøy i utmark og i vassdrag ikkje tillate. Miljødirektoratet har oversikt over kva som er tillat og hva ein må søke dispensasjon/løyve for å utføre.
Kva som er tillat og kva ein må søke dispensasjon/løyve for
Dispensasjon/løyve
Det kan søkast om dispensasjon frå forbodet. Det vanlegaste føremålet er transport av utstyr og bagasje til eiga hytte med snøskuter.
Ei anna målgruppe er personar med nedsett eller manglande gangfunksjon. For å innvilge slike søknader krevst erklæring frå lege som stadfester dette.
Mal erklæring frå lege (PDF, 24 kB)
Dersom du vil søke kommunen om dispensasjon/løyve:
Motorferdsel i verneområde - Statsforvalteren
Dersom du må gjennom eit verneområde for å kome fram til hytta må du først søke Statsforvalteren om dispensasjon til motorferdsel i verneområde. Innvilga slik dispensasjon må følge søknaden til kommunen.
Meir informasjon og søknadsskjema
Om dispensasjonen/løyvet
Kommunen tek stilling til søknader. Løyvet skal vere skriftleg og ha ein kartdel der innvilga trase er teikna inn. Løyvet, kartet og ev. samtykke frå grunneigar skal kunne visast fram ved eventuell kontroll/oppsyn. Politiet og Statens naturoppsyn (SNO) driv oppsyn.
Grunneigars samtykke
For at løyve skal være gyldig krevst det samtykke frå berørte grunneigarar. Unntak for politi- og redningsteneste. Innhenting av grunneigars samtykke er eit forhold mellom søker og grunneigar, som ikkje treng leggast ved søknaden til kommunen.
Førerkort klasse S
Du må ha førerkort klasse S for å ha lov å kjøre snøskuter.
Statens Vegvesen sin info om førerkort klasse S
Lov, forskrift og lokale retningsliner
Lov om motorferdsel i utmark og islagte vassdrag
Forskrift om motorferdsel i utmark og islagte vassdrag
Retningsliner for motorferdsel i Åmli kommune frå vintersesongen 2022 til og med barmarkssesongen 2026 (PDF, 275 kB)