Kulturminne i Åmli

Kulturminneplan for Åmli kommune 2018-2026

Kulturminne er spor etter menneske til ulike tider.

Formålet med ein kommunal kulturminneplan er å gi ein oversikt over utvalde kulturminne i kommunen og vere eit kunnskapsgrunnlag for framtidig kulturminneforvaltning. På overordna nivå ønskjer ein å styrke kulturminna sin verdi som kjelde til oppleving, kunnskap og identitet.
Kulturminneplanen vil kunne gi eit grunnlag for å ivareta omsyn til kulturminne i kommunens planarbeid og saksbehandling og prioritere tiltak for å ta vare på sårbare kulturminne.
Kulturminneplanen vil også vere ein ressurs for formidling av kommunen sin kulturarv til innbyggarar og tilreisande.

Denne planen omfattar materielle, i hovudsak faste kulturminne innanfor følgande tema:

  • Samferdsel: ferdselsvegar og jernbane
  • Landbruk og ressursutnytting: skogbruk, jordbruk, jakt og fangst, jernverk/jernutvinning
  • Krigsminne

Vedtatt planprogram for kulturminneplan (PDF, 5 MB) 

Stiftinga Åmli bygdetun

Stiftinga Åmli bygdetun er eigd av Åmli kommune, Åmli historielag og Åmli bygdekvinnelag, og har som formål å ta vare på og formidlar historie knytt til husmannsplassen Grånheia i Åmli sentrum.

Grånheia ligg like ved Beverborga barnehage og Åmli skule, og har barn og unge som ei prioritert målgruppe. Barnehagen og skulen deltek kvart år på ulike aktivitetar. Det blir også arrangert julemarknad og andre aktivitetsdagar.

Medlemskap i venneforeininga til Åmli bygdetun kostar 200 kr i året.

Ta kontakt med kulturrådgivar for meir informasjon.

 

Stiftinga Koppsåna kulturminne

Stiftinga Koppsåna kulturminne er eigd av Åmli kommune, Åmli historielag og Åmli skogeigarlag, og har som formål å ta vare på og formidle historie knytt til Baas-saga ved Koppsåna i nærleiken av Dølemo.

Kulturminna som Baas-saga omfattar er:

  • Damanlegg/stem
  • Skådammar for flòting
  • Vassrenner for kvern og sag
  • Sag med materialbu og kvern

Garden Baas som  Koppsåna er ein del av, er ein av dei største skogbruksgardane (ca 11000 da) i Åmli kommune. Han ligg i vestre del av kommunen, knytt til elva Koppsåna, som er ein del av Tovdalsvassdraget.

Namnet Koppsåna er samansett av to ord: kopp som betyr hol og åna som betyr elva. Det tyder på at åna ligg holt.

Anlegget blei bygd i 1880-åra, dei gylne åra innan skipsfartsnæringa på Sørlandet. Tømmer frå dei indre bygder var ein viktig eksportartikkel. Innlandstømmeret var òg best eigna for bygging av seilskuter. Tømmer frå garden Baas blei kjøpt av trelasthandlerar i Kristiansandsområdet.

Samanlikna med andre sager i regionen er det spesielt på eit punkt Baas-saga skil seg ut. Skådammane for flòting er eit særeige kunstverk i seg sjølv. Det er opplevinga av heile anlegget som gjer Koppsåna Kulturminne så spanande og interessant.

Kontaktinformasjon

Tonje Ramse Trædal
Rådgjevar/kulturskulerektor
E-post
Telefon 37 18 52 64
Mobil 926 29 512