Fysioterapi

Fysioterapi for vaksne

Åmli Kommune har tre fysioterapeutar. Ein privatpraktiserande fysioterapeut som har driftsavtale med kommunen og to kommunalt tilsett fysioterapeutar. Tenesta er ein del av kommunen sitt tverrfaglege habiliterings- og rehabiliteringsteam med tilbod om behandling/opptrening i fysioterapeutanes eigne lokalar, på Åmli Pleie -og Omsorgssenter, eller heime hjå brukaren sjølv i ein tidsavgrensa periode. Eit mål er at fysioterapibehandlinga skal bidra til at brukaren kan halde fram med aktivitetar som vedlikeheld sin funksjon sjølv. Me vil i dialog med den enkelte prøve å finne løysningar på dette. 
Tenesta er og ein viktig del av kommunens frikslivssentral, eit tverrfagleg kompetanseteam beståande av fysioterapeut, ergoterapeut, sjukepleiar og psykisk helsearbeidar. Frisklivssentralen er for menneske som ynskjer å kome i gang med trening eller vil endre livsstil. Det gjeld og personar som står i fare for, eller har utvikla livsstilssjukdommar.

Fysioterapi for born og unge

Barn og unge får tilbod av vår kommunalt tilsett fysioterapeut i barnehage, skule, helsestasjon eller ved heimebesøk. Tilbodet består av førebyggjande oppgåver samt stimulering/trening/behanding i ei tidsavgrensa periode. Målet med tilbodet er å betre barnets funksjonsnivå. 

Skjema

Henvisning til fysioterapeut - barn (PDF, 403 kB)

Vi tilbyr

  • Helsefremmande og førebyggjande arbeid
  • Undersøking og behandling
  • Habilitering/rehabilitering
  • Individuelle behandlingsplanar
  • Veiledning
  • Frisklivssentralen

Kven kan få tenesta?

Helsepersonell kartlegg og gjer ei vurdering av ditt behov, og du får tilbod om tenesta på grunnlag av denne vurderinga. Pasienter eller foresatte kan henvende seg direkte til fysioterapeut uten å få henvisning fra lege. Fagpersonar i kommunen henviser på henvisningsskjema.

Kva kostar det?

Tilbodet er gratis for barn under 16 år. Elles betalast eigenandel etter gjeldande takstar.

Har du spørsmål, kan du ta kontakt med kommunefysioterapeut (kontaktinfo til høyre/under) eller fysioterapeut med driftsavtale, Åmli Fysioterapi & Trening.