Tankevirus mestringskurs

Kva kan me tilby?

Tankevirus er eit nyttig og gøyalt mestringskurs om korleis tankane og oppmerksomheten påverker humøret og handlingane dine. Kurset er utvikla av norske psykologar og forskarar, og presenterar negative tankar som ulike tankevirus som kan behandlast med psykologiske vitaminar. I løpet av tre samlingar får ein innføring i ulike typar tankevirus og lærer ulike metodar for korleis ein kan forhalde seg til desse på ein hensiktsmessig måte.

Målet med kurset

  1. Kunnskap om normalfungering og om kor vanleg det er å ha negative tankar. Du lærer at tankar i seg sjølve er harmlause, det er korleis me reagerer på tankar som potensielt kan gjere oss sjuke.
  2. Kunnskap om det psykologiske immunforsvaret, og om korleis det påverker psykisk helse. Du lærer òg om korleis du skal ta vare på det psykologiske immunforsvaret ved å lage gode rammer for deg. 
  3. Kunnskap om ulike tankevirus, og trening i å identifisere dei hjå deg.
  4. Ved hjelp av psykologiske vitaminar lærer du hensiktsmessige måtar å forhalde deg til tankane dine slik at du i større grad kan fungere, også i periodar med mykje negative tankar.

Kven kan få tilbodet?

Tidligare trudde ein at personar med psykiske plagar skilte seg frå ”normale folk”, men nyare forsking har vist at dei same tankeprosessane går igjen i oss alle, bare i ulik grad. Dette kurset er derfor for alle over 18 år - frå deg som slit med angst eller depresjon til deg som ynskjer å lære meir om korleis psykologi verkar inn på oss i kvardagen.

Kva kostar det?

Kurset kostar 300kr.