Frisklivssentralen

- ei helsefremjande og førebyggande kommunal helseteneste

I Frisklivssentralen kan du få hjelp til å kome i gang med endring av vanar innan fysisk aktivitet, kosthald, søvn og tobakk. Me tilbyr òg mestringskursa BraMat, Sovgodt, Tankevirus og Hverdagsglede.

Tilbodet startar med ein helsesamtale og gjev moglegheit for oppfylging gjennom individuelle samtalar og gruppebaserte tilbod i inntil eitt år. Gruppetilboda gjeng føre seg i symjehall, i treningssal og ute i naturen. Nivået vert tilpassa deltakarane.

Målgruppe

Menneskje som ynskjer hjelp til å kome i gang med endring av levevanar. Det gjeld òg dei som har risiko for, eller som har utvikla sjukdom og som derfor treng hjelp til å endre levevanar og mestre sjukdom.

Kontakt oss

Du kan ta direkte kontakt med oss på Frisklivssentralen. Me tek og imot henvisning frå lege, anna helsepersonell eller Nav.

Ynskjer du meir informasjon eller avtale tid for ei motivasjonssamtale?

Ta kontakt med Frisklivssentralen i Åmli på tlf: 99 21 17 58. Frisklivssentralen er tverrfagleg og drives av faggruppene fysioterapeut, ergoterapeut, psykisk helsearbeidar og sjukepleiar.

Frisklivssentralen sin timeplan (PDF, 497 kB)