Kva tilbyr vi?
Vi tildeler trygghetsalarm etter vurdering av behov. Alarmen varslar til heimesjukepleia.
Behovet kan være knytt til:
- Sjukdom som kan føre til akutt behov for hjelp
- Fare for fall
- Utrygghet i forbindelse med sjukdom
Kven kan få trygghetsalarm?
Trygghetsalarm er eit lavterskeltilbod som du må søke om, for å få ein viss trygghet i det å bu heime. Men i dei fleste tilfella vil det måtte være eit særskilt behov for trygghetsalarm i heimen på grunn av sjukdom eller funksjonshemming for å få søknaden innvilga.
Du kan få trygghetsalarm utan at du mottar andre tenester
All tildeling av hjelpemidlar blir nøye vurdert med bakgrunn i behovet. Viss behovet endrar seg, gjer vi ei ny vurdering.
Slik søker du
Informasjon om korleis du søker og søknadsskjema finn du via Tenestekontoret:
Kva kostar det?
Trygghetsalarm kan tildelast kostnadsfritt viss det gis for å erstatte lovpålagt helsetjeneste i heimen, som for eksempel tilsyn.
Det betalast eigenandel/leige på kr. 320,- per månad.
Eigenandelen regulerast kvart år.
Rekning sendast kvar månad.
Eingongskostnad for nøkkelboks i perioden du har trygghetsalarm: kr 200,-