Sjukeheimsplass - søknad og pris

Personar som har eit omfattande behov for omsorg og pleie heile døgnet, men som ikkje treng behandling på sjukehus, kan søke om sjukeheimsplass.

Kva er ein sjukeheimsplass?

Viss ein får tilbod om sjukeheimsplass, blir ein tildelt enten ein korttidsplass eller ein langtidsplass.

Åmli kommune ønsker at dei som mottek sjukeheimstenester skal få høve til å være med å bestemme sjølv, oppleve trygghet, respekt og livskvalitet. 

Slik søker du

Du skrive ut søknadsskjemaet, fylle det ut manuelt og sende det i posten til oss: Åmli kommune, Tenestekontoret, Gata 5, 4865 Åmli.

I søknadsskjemaet beskriv du hjelpebehov og kva slag tenester du meiner er nødvendig for deg.

Søknad om omsorgstjenester (PDF, 302 kB)

Vi vurderer helsetilstand og finn det helsetilbodet som passar best.

Vi ønsker at alle skal få bu heime så lenge som mogleg.

Kva kostar det?

Kor mykje ein skal betale, er avhegig av økonomi og type plass du skal ha.

Les meir i Forskrift om vederlag for opphald i institusjon

Dersom ein får tildelt plass, står prisen i vedtaket frå omsorgstenesta.
Dei ulike prisane er som følger:

Prisliste for opphald på sjukeheim
Plasstype Pris pr døgn Merkand
Korttid 193,- Prisen gjeld for 60 døgn i kalenderåret. Etter dette gjeld Forskrift om vederlag for opphald i institusjon.
Langtid Individuelt utregna Eigenbetaling fastsettast ut i frå Forskrift om vederlag for opphald i institusjon.