Pårørendeskule

Pårørendeskulen er eit kurstilbud til deg som har eit familiemedlem eller ein nær ven med demenssjukdom. Personen med demens kan bu heime eller på institusjon. 

Gjennom faglege forelesningar, samtalar i plenum og grupper får du kunnskap om demens og innsikt i kva følgjer sjukdomen kan ha for personen med demens, deg som pårørande og øvrig familie. Du treff andre i same situasjon og fagpersonar med kompetanse på området.

Kurset er lagt opp over 5 samlingar med følgjande tema:

  • Demenssjukdomane – sjukdomslære og behandlingsmglegheiter
  • Kommunikasjon med personar med demens
  • Pårørande si oppleving og tap/sorg og sorgreaksjonar
  • Kommunen sitt tenestetiilbod og lovverket; rettighetar for den sjukeog for pårørande
  • Velferdsteknologi og ernæring

Det vil være forelesere frå spesialisthelsetjenesten og kommunehelsetjenesten.

Alle samlingar vert hold kl 18:00 - 20:30.

Kurset er gratis og blir annonsert på kommunens nettside, kommunens facebook og i avisa. Ta kontakt med demensteamet om du har spørsmål.

Demensteamet

Sjå vår side om demensteamet for meir informasjon og lenke til nyttige nettsider.