Middag heim

Vi tilbyr middag med dessert levert til heimen kvar måndag og onsdag.
Det er Frivilligsentralen som køyrer maten ut.

Kva kan du forvente av oss?

  • Velsmakande mat
  • Levering til avtalt tid og stad
  • Levering vil starte opp etter avtale

Kva forventer vi av deg?

  • Du må være heime når middagen blir levert
  • Du må ha mikrobølgeovn for å kunne varme opp maten
  • Du må sjølv kontakte frivilligsentralen og bestille middag
  • Du har sjølv ansvar for å avbestille hvis du ikkje skal ha middag

Kven kan få tilbodet?

  • Eldre og uføre som ikkje klarer den daglige matlaginga sjølv.
  • Du må bu nærare Åmli pleie og omsorgssenter enn 12 kilometer. Dette er i henhold til Næringsmiddeltilsynet sine reglar, og for å klare å halde maten varm.

Korleis går du fram for å søke?

Du må kontakte Frivillighetssentralen for å gjøre avtale om du kan få middag heim

Kva kostar det?

Full porsjon: kr 85,-
Halv porsjon: kr 65,-

Korleis avbestiller du eit måltid?

Vil du avbestille matlevering for ein dag, må du gjere det seinast klokka 12:00 dagen før.
Du avbestiller ved å ringe kjøkkenet.

Anna informasjon: 

Har du ønske om middag heim på andre eller fleire dagar, må du kontakte tenestekontoret. For å bli vurdert for middag heim fleire dagar, vil det bli gjort ei ernæringskartlegging av deg.