Åmli kommune har i ei årrekke gitt tilbod om sommerjobb til ungdom busett i kommunen. Tilbodet har variert frå for både 16- og 17-åringar og tre vekers varighet, til berre eit kull og to vekers varighet dei siste åra. Det har vore tilbod om jobb både i kommunale tenester og via private/næringsdrivande.
Nå er tilbodet noko endra. Det er ikkje lenger rein sommarjobb frå kommunen, men ungdom kan søke på ordinære sommervikarstillingar i kommunale tenester. I tillegg tilbys det tilskot til private/næringsdrivande som tilset Åmliungdom i sommerjobb.
Det er ikkje lenger eige søknadsskjema for ungdom som ønsker sommerjobb, og heller ingen garanti for at alle får jobb.
Tilskot til private/næringsdrivande:
UNDER ARBEID - IKKJE ENDELEG BESTEMT KORLEIS ORDNINGA BLIR - FØLG MED!
Det er opp til private/næringsdrivande og ungdom sjølv å avtale sommerjobb.
Åmli kommune gir eit tilskot per time (pr. kr 70,-) til private/næringsdrivande som tilbyr ungdom i rett aldersgruppe jobb i minimum to veker i løpet av skulens sommerferie.
Kriterier for å få tilskot:
- Ungdomen må fylle 17 år det året han jobbar, og være busett i Åmli kommune.
- Ungdomen skal ha 37,5 t/v arbeidstid., og tilbys jobb i mimimum to veker.
- Ungdomen skal lønast etter kommunalt avtaleverk.
- Den private/næringsdrivande må holde til i Åmli kommune.
Tilskotet frå kommunen vert for to veker, sjølv om arbeidsgivar vel å tilby ungdommen sommarjobb i ein lenger periode
Det må sendast krav til kommunen innan 1. oktober for å få utbetalt tilskotet. Kravet må innehalde lønsslipp for ungdomen, med ungdomens signatur som bekreftelse på mottatt løn.