Vilkår for å gifte seg
For å inngå ekteskap i Norge, må staten først undersøke om de har lov til å gifte dykk. Det vil sei at dei skal kontrollere at dei som skal gifte seg oppfyller alle vilkår i ekteskapslova. Det er folkeregistermyndigheten (skattekontoret) som prøver om ekteskapsvilkåra er oppfylt. Dersom vilkåra for ekteskap er oppfylt, sender folkeregistermyndigheten ein prøvingsattest.
Nødvendig informasjon og søknadsskjema
Prøvingsattesten frå folkeregistermyndigheten er berre gyldig i fire månader. Det er eit krav etter ekteskapslova at prøvingsattesten må være gyldig den dagen ein inngår ekteskap.
Paret som skal inngå ekteskap er sjølv ansvarleg for å søke om prøvingsattest.
Elektronisk søknad om prøvingsattest
Korleis bestiller vi vigsel?
Når prøvingsattesten er mottatt kan brudeparet ta kontakt med kommunen for å avtale tidspunkt for vigselen. Ta kontakt minst tre veker før ønska vigselsdato.
Det er Informasjonssenteret i rådhuset som tek i mot slike henvendelsar. Vi skriv eigen avtale for detaljene rundt vigselen. Brudeparet kan kome med ønske om dato for vigsel, og gjerne legge fram alternative tidspunkt. Brudeparet kan og ønske seg vigslar. Informasjonssenteret avklarar så kven som skal være vigslar og avtaler tidspunkt med denne.
Brudeparet får så tilbakemelding på fastsett vigslar og tidspunkt
Gyldig legitimasjon
Gyldig legitimasjon er gyldig pass eller norske førerkort og bankkort med bilde og personnummer. Asylsøkerbevis godtas ikkje som legitimasjon.
Sende eller levere papira
Kopi av legitimasjon og prøvingsattest må sendast/leverast kommunen seinast senest to veker før ønska vigselsdato.
- Dersom du sender i posten bruker du adresse: Åmli kommune, Gata 5, 4865 Åmli.
- Dokumenta kan og leverst til informasjonssenteret i rådhuset.
Kven utfører vigselen?
I Åmli kommune har følgjande vigselsmyndighet:
- Ordførar
- Varaordførar
- Kommunedirektør Christina Ødegård
Ordførar og varaordførar etter lov, og kommunedirektør Christina Ødegård etter vedtak.
Kor kan vigselen foregå?
Kommunen tilbyr kommunestyresalen eller ordførar sitt kontor til ritualet. Dersom du har andre ønske avtalar du det med kommunen når du skriv avtale.
Kva kostar det?
- Tilbodet er gratis så lenge du vil gifte deg i lokala kommunen tilbyr og i vår opningstid.
- Dersom du har ønskje om anna lokale/pynt enn det kommunen tilbyr, eller andre ting (musikk, diktlesning e.l.) må du ordne og betale dette sjølv.
- Dersom du har ønskje om å gifte deg utanfor opningstida må du betale kr. 1 000.
- Dersom du har andre ønske utover retningslinene kan kommunen krevje gebyr tilsvarande ekstrakostnader.
Rutine for kommunal vigsel i Åmli (PDF, 746 kB)
Etter vigselen
Kommunen sender vigselsbok til Skatteetaten/folkeregistermyndigheten som utstedar endeleg vigselsattest. Denne mottar du elektronisk i Altinn.
Om du skal endre namn som resultat av vigselen, må du ordne dette sjølv.
Søknad om å endre navn
Om du har endra namn og skal på bryllupsreise i utlandet, må du sørge for at namnet i passet stemmer med namnet på billetten. Hvis ikkje kan du få problem ved innsjekking.
Treng du nytt pass?
Ta kontakt med politiet i ditt distrikt.