Skuleskyss

Kven har rett på skyss?

Opplæringslova § 7-1 seier følgjande:

Elevar i 2.-10. årstrinn, som bur meir enn fire kilometer frå skolen, har rett til gratis skyss. For elevar i 1. årstrinn er skyssgrensa to kilometer. Elevar som har særleg farleg eller vanskeleg skoleveg har rett til gratis skyss utan omsyn til veglengda.

I Åmli har vi bestemt at elevar i 1 årstrinn skal ha skyssgrense ein kilometer.

Må vi søke om skyss?

Kun dei som har særleg farleg eller vanskeleg skoleveg må søke om skyss.

Send skriftelg søknad til Åmli kommune, Gata 5, 4865 Åmli

Lovverk

Opplæringslova