Barnehage - etablering og drift

Før ein kan setje i drift ein barnehage, skal han godkjennast av kommunen. 

Barnehagar som oppfyller dei tre kriteria/vilkåra i feltet under, må ha godkjenning. Barnehagar som ikkje oppfyller desse kriteria (til eksempel ope barnehagar) kan velje å søkje godkjenning. For å få godkjenning, pliktar barnehageeigaren å drive verksemda i tråd med gjeldande regelverk når det gjeld både pedagogisk innhald og helse, miljø og tryggleik.

Krav:

  • Vedtektene til barnehagen skal blant anna gje opplysningar om formål, opptakskriterium og opningstider
  • For å sikre samarbeidet med heimane til barna skal kvar barnehage ha eit foreldreråd og eit samarbeidsutval
  • Barnehagen skal føre internkontroll

Kriterium

For barnehagar som må ha godkjenning, gjeld:

  • Barnehagen skal drivast på regelmessig basis og minst eitt av barna vil opphalde seg i barnehagen i meir enn 20 timar i veka
  • Talet på barn som er til stades på same tid, er ti eller fleire når barna er tre år eller meir, eventuelt fem eller fleire når barna er under tre år
  • Verksemda blir drive mot godtgjering
  • Den som er ansvarleg for bygget eller den daglege drifta, må sørgje for at det blir utført ei radonmåling (frå 1.1.2014)

Målgruppe

Barnehageeigarar

Handsamingstid

Kommunen har plikt til å behandle saka så snart som mogleg. Dersom kommunen ikkje kan gjere vedtak i saka innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til dette, med opplysningar om når du kan vente at det vil bli gjort eit vedtak.

Klage

Du kan klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du har teke imot vedtaket. Klagen sender du til den instansen i kommunen som har gjort vedtaket. I klagen skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje dette. Kommunen vil kunne rettleie deg. Klageinstans er Fylkesmannen. Før kommunen sender klagen dit, skal den instansen i kommunen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det.

Rettleiing

Kommunen vil kunne rettleie deg om kva godkjenningar/uttaler du som barnehageeigar må skaffe før dei ansvarlege styresmaktene for barnehagane kan godkjenne barnehagen. Du bør derfor tidleg kontakte kommunen for å få informasjon om kva krav kommunen stiller.