Høve til å tidlegstemme

Dersom du ikkje har høve til å forhåndsstemme og heller ikkje til å stemme på valdagene i Åmli, kan du ta kontakt med kommunen for å avtale tid for å avgje tidlegstemme i perioden 1. juli til 8. august.

For å bestille tid må du ringe kommunens sentralbord på tlf 37185200. Siste frist for bestilling er 4. august.

Dette gjeld altså berre om du er forhindra frå å avlegge stemme i ordinær forhåndsstemmeperiode (11. august - 5. september), eller på valdagane (7. og 8. september).

Hugs at du kan forhåndsstemme i heile norge, ikkje berre i kommunen du bur. Det er berre på valdagen at du må stemme i kommunen der du står i manntalet.

Tid og stad for å forhåndsstemme i Åmli

Les meir om når og kor du kan stemme på valg.no sine nettsider