Stemme på valdagane

I Åmli har vi no berre ein stemmekrets, så alle som vil stemme på valdagane må stemme på Åmli rådhus. Stemmekretsane Dølemo, Nelaug og Gjøvdal er nedlagt. Les vedtak

I Åmli har vi søndagsval, det vil sei at du kan stemme både søndag 7. og måndag 8. september.

På valdagen kan du berre stemme i den kommunen du er manntallsført.

Hugs å ta med legitimasjon når du skal stemme.

Vallokalet er Åmli rådhus

Opningstider:

  • Søndag 7. september: 13:00-16:00
  • Måndag 8. september: 08:00-20:00

Informasjon om vallokalet i Åmli

Les meir om når og kor du kan stemme på valg.no sine nettsider

Godkjente valglister for Aust-Agder valgdistrikt