Forhåndsstemme

I forhåndsstemmeperioden frå 11. august til 5. september kan du forhåndsstemme på rådhuset i vanlig åpningstid.

Åpent måndag til fredag kl 09:00-14:00.

Hugs å ta med legitimasjon med bilde når du skal stemme.

Vi vil i tillegg ha langope på rådhuset to dagar:

  • Torsdag 28. august kl 14:00-19:00
  • Torsdag 4. september kl 14:00-19:00

Det vil og bli høve til å forhåndsstemme på følgjande stader og dagar:

  • Måndag 25. august på Vallhall i Gjøvdal kl 15:00-18:00
  • Onsdag 27. august på Nelaug skule kl 15:00-18:00
  • Måndag 1. september på Dølemo oppvekstsenter kl 15:00-18:00

Dette er eit kompenserande tiltak fordi desse tre stemmekretsane er nedlagt slik at alle som vil stemme på valdagen må til Åmli rådhus. Det er ikkje lenger vallokaler ute i grendene på valdagen.  Les vedtak


I forhåndsstemmeperioden kan du stemme i det forhåndsstemmelokalet du måtte ønske i heile landet. 
Det er viktig å hugse på at det ikkje er mogleg å angre på stemmegivinga si i Noreg. Det betyr at om du forhåndsstemmer, så kan du ikkje stemme på nytt, heller ikkje på valdagen.

Veljarar som er uføre eller sjuke og som ikkje kan forhåndsstemme på ordinær måte, kan søke om ambulerande stemmemottak, og få stemme heime. 
Søknad om ambulerande stemmemottak sendast: Åmli kommune, Gata 5, 4865 Åmli eller på e-post til: postmottak@amli.kommune.no, eller ved at du tek kontakt med kommunen sitt sentralbord tlf 37 18 52 00.
Slik søknad må vere mottatt av kommunen seinast 4. september kl 12.00.

Ein dag vil det og være forhåndsstemmemottak på Åmli pleie og omsorgssenter. Dette blir onsdag 27. august i tidsrommet kl 10:00-12:00.

Dersom du ikkje har høve til å forhåndsstemme, eller stemme på valdagane

I slike tilfelle kan du søke om å stemme tidleg. Søknad sendast kommunen seinast 4. august.
 

Les meir om når og kor du kan stemme på valg.no sine nettsider

Godkjente valglister for Aust-Agder valgdistrikt