Arbeidsmiljøutvalet

Arbeidsmiljøutvalet (AMU) er eit partssamansett utval (ikkje eit politisk utval), og skal arbeide for eit fullt forsvarleg arbeidsmiljø i kommunen.

Utvalet skal delta i planlegginga av verne- og miljøarbeidet i kommunen, og følgje nøye med på utviklinga av arbeidsmiljøet.

I § 7-2 i arbeidsmiljølova er arbeidsmiljøutvalet sine oppgåver lista opp.

Arbeidsmiljøloven

Lovpålagte oppgåver

  • Behandle spørsmål som angår bedriftshelsetenesta og verneteneste.
  • Behandle spørsmål om opplæring og instruksjon på område som kan ha betydning for arbeidsmiljøet.
  • Behandle planar om nye lokaler, prosessar eller ombyggingar som krev samtykke frå Arbeidstilsynet.
  • Behandle andre planar som kan få vesentleg betydning for arbeidsmiljøet, som nye maskiner, rasjonaliseringstiltak, endringar i arbeidsprosessar og forebyggjande vernetiltak.
  • Delta aktivt i kommunen sitt helse-, miljø- og sikkerhetsarbeid. Delta i kartleggingar, utarbeidelsar av handlingsplanar og gi råd i høve til prioriteringar og tiltak.
  • Vurdere helse- og velferdsaspekt ved arbeidstidsordningar.
  • Gjennomgå alle rapportar om ulykker, nestenulykker og sjukdom som kan skyldast arbeidsmiljøet. Ha fokus på årsaken til hendinga og sjå til at arbeidsgjevar gjør det som er nødvendig for å hindre at det skjer igjen.
  • Gjennomgå alle rapportar om yrkeshygieniske undersøkelsar og måleresultat.
  • Behandle spørsmål om tilrettelegging for arbeidstakarar med redusert funksjonsevne.
  • Utarbeide ein årsrapport om arbeidet.

Medlemmar

Arbeidsmiljøutvalet består av åtte medlemmar beståande av: hovedverneombud, tre representantar frå arbeidstakarorganisasjonane og fire representantar frå arbeidsgivar.

Faste medlemmar:

  1. Siv Anita Grashei, hovedverneombud
  2. Trond Johansson, leiar
  3. Inge-Egil Hauge
  4. Tore Flottorp
  5. Laila Nylund
  6. Olav Gjermones, HTV Fagforbundet
  7. Kjersti Fossing, HTV Utdanningsforbundet
  8. Tea Serine Sveinungsen, Delta

Varamedlemmar:

  1. Anne Kristine Brandsdal
  2. Camilla Rønningen
  3. Christian Eek-Jensen
  4. Jan Terje Jansen
  5. Eivind Baas, vara hovedverneombud
  6. Brit Tove Baasland Støylen, Fagforbundet
  7. Arnar Vågen, Utdanningsforbundet
  8. Elin Bergersen, Delta
     

Møte og saksdokument