Melde forfall til politisk (-e) møte

Medlemmar av eit kommunalt folkevalgt organ har plikt til å delta i organet sine møte med mindre det føreligg gyldig forfall.

Det kan være vanskeleg å definere “gyldig forfall”, men som hovudregel er det berre sjukdom som er gyldig. Det kan sjølvsagt også være tilfelle der såkalla “presserande arbeid”, reise eller vanskar med å skaffe barnepass gjer det vanskelig å møte, og kvalifiserar for forfall.

KS veileder om gyldig forfall

Kommuneloven kapittel 8

Alle medlemmar, både politisk valte og medlemmar frå organisasjonar, skal melde forfall via skjemaet under. Varafolk møter dersom dei får særskilt innkalling.